Det blir lagt vekt på nokre faktorar for å lukkas med slik tilrettelegging. Kunnskap, ferdigheter, vilje, tid og ressursar er viktige stikkord. Artikkelen beskriv Ola og Liv, som er to ulike barn som nyttar alternativ og supplerande kommunikasjon. Eksempel på tilrettelegging av kommunikasjon med dei vil bli sett i samanheng med kunnskap vi har frå forsking på området.
Funksjonell kommunikasjon på ulike arenaer og med ulike samtalepartnarar er ei utfordring for dei som treng alternativ til tale. Kvart barn treng individuell tilrettelegging og utforming av sine kommunikasjonsløysingar, og nødvendig støtte og opplæring for å kunne bruke dei. Samtalepartnarane treng kompetanse, og rammene må vere til stades for samarbeid.
ISSN 1503-271X / ISBN 978-82-7604-054-8