Språkforstyrrelser og rekning

Rekning er ei av fem ferdigheiter i Læreplanverket for Kunnskapsløftet. Elevar med spesifikke språkvanskar strevar ofte med å lese og forstå tekstoppgåver i matematikk. 

Dei fem ferdigheitene utgjer grunnleggande føresetnader for læring og utvikling i skule, arbeid og samfunnsliv. Dei inngår i måla i alle fag i skulen.

Kunnskapsløftet deler rekning inn i fire ferdigheiter:
1. Gjenkjenne og skildre
2. Bruke og arbeide med
3. Kommunisere
4. Reflektere og vurdere

Kvar ferdigheit er delt i fem nivå. Læraren vurderer elevane etter desse nivåa. Gode språklege ferdigheiter er ein føresetnad for å nå dei høgast nivåa.

Stiller krav til å lese og skrive

Spesifikke språkvanskar er ein livslang vanske som krev tilrettelegging gjennom heile grunnskulen. Matematikkfaget er språkleg krevjande. Det har mange fagspesifikke og abstrakte omgrep, og stiller store krav til elevane sine lese- og skriveferdigheiter.

Elevar med språkvanskar må ofte arbeide med matematiske omgrep som førebuing til reknearbeidet. Omfanget av abstrakte og fagspesifikke uttrykk aukar til eldre elevane vert. For mange elevar er det avgjerande at dei har arbeidd med desse på førehand for å få utbytte av matematikkundervisinga. Tips til korleis ein kan gjere dette kan ein finne i læringsressursen En veileder om begrepslæring.

Mange elevar med språkvanskar strevar også med å lese og forstå tekstoppgåver i matematikk, og har vanskar med å svare på matematikkoppgåver med tekst.

Kompenserande læringsressursar

Det kan vere naudsynt å nytte kompenserande læringsressursar i matematikkinnlæringa for å unngå at lese- og skrivevanskar hindrar utvikling av rekneferdigheiter. Scannerpenn kan lese opp tekstoppgåver og tekst til tale-funksjon kan erstatte skriving av oppgåvesvar.

Det finst også digitale versjonar av mange lærebøker. Desse kan du søke i, har notatfunksjon og eleven kan få opplest tekst. Det kan også vere lagt inn illustrerande videoar. Det er viktig at eleven får god hjelp og støtte i god bruk av hjelpemiddelet.

Kompenserande læringsressursar og god pedagogisk tilrettelegging bidreg til at barn med spesifikke språkvanskar kan nå eit høgare nivå av rekning.

Les meir om kompenserande teknologi, læringsressursar og tilrettelegging i grunnskulen:

Du kan lese meir om dei grunnleggjande ferdigheitene i læreplanverket for Kunnskapsløftet på Utdanningsdirektoratet

 



Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Takk for din tilbakemelding!