Arbeidsoppgåve 3: Samtale
I denne oppgåva skal du reflektere rundt di eiga rolle. Korleis er du som samtalepartnar?
1. Tenk gjennom dette:
- Når set eg av tid til samtale?
- Kva samtalar eg om med barnet/barna?
- Korleis legg eg til rette for ei samtale der barnet er ein aktiv part?
2. Ha fokus på korleis du ser på deg sjølv i samtale med andre:
- Er eg ein pratar?
- Er eg ein som lyttar?
- Tar eg tur?
- Ventar eg på den andre?
- Tåler eg pause i samtalen?
- Korleis stiller eg spørsmål?
- På kva måte støttar eg den andre i praten?
3. Ha fokus på korleis du kan bli ein betre kommunikasjonspartnar: Noter tre område du vil arbeide med og korleis du vil gjere det.
4. Diskuter i teamet ditt eller med ein kollega om korleis de kan hjelpe kvarandre til å bli betre samtalepartnarar.
Side 15 av 45