Samspill, lek og kommunikasjon
Heftet gir ei generell metodisk framstilling av korleis du som pedagog eller forelder, kan leggje til rette for å bruke alternativ og supplerande kommunikasjon i form av taleteknologi saman med små barn frå dei er ni månader gamle.
Heftet inneheld ein presentasjon av korleis ein legg til rette for bruk av taleteknologi med små barn, både om ein nyttar kommunikasjonsmateriellet Pegasus eller om ein lager eige materiale i annan programvare. Heftet kan derfor brukes aleine eller saman med Pegasus.
Fordi bøkene i Pegasus er omfatta av åndsverklova må du som ønskjer å bruke det bli låntakar ved Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek (NLB). Gå til "Innmeldingsskjema for Rolltalk-brukere" i anten Word eller odt-format på nettsida til NLB.
Etter innmeldinga får du ein lisenskode som gjev tilgjenge til Pegasus. Du treng Rolltalk Designer og PCS symbolbildebank.