Eitt Statped for heile Noreg | www.statped.no

Eitt Statped for heile Noreg

Frå 1. mai 2022 er Statped omorganisert til éin landsdekkande etat. Fem landsdekkande fagdivisjonar yter nå like spesialpedagogiske tenester over heile landet. Samtidig har vi gått bort frå organisering med fire regionar.

Tre av divisjonane gir rådgivingstenester etter aldersnivåa barnehage, barnetrinn og ungdomstrinn / vidaregåande opplæring / vaksenopplæring. Desse divisjonane omfattar dei spesialpedagogiske fagområda syn, høyrsel, samansette lærevanskar og språk/tale. I tillegg kjem alternativ og supplerande kommunikasjon og erverva hjerneskade.

To andre divisjonar omfattar teiknspråk og døvblindheit samt og læremiddel og læringsressursar.

I tillegg har Statped divisjonar for fagstrategi og verksemdstyring og administrasjon. 

Bli kjend med Statpeds nye organisering

Søk oss om tenester som før

Søknader om både individ- og systembaserte tenester frå kommunal/ fylkeskommunal PP-teneste sendast til Statped på same vis som før. Det same gjeld søknader frå vaksne brukarar med kombinerte syns- og høyrselstap eller døvblindheit og søknader frå universitet, høgskolar og organisasjonar. 

Søk oss om tenester

Spør oss

Vi vidarefører også Spør oss-tenesta vår. Kommunar, fylkeskommunar, andre aktørar / samarbeidspartar og private kan kontakte oss på same vis som tidlegare.

Kontakt Spør oss

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!