Til hovedinnhold

Kva er Statped?

Statped er eit direktorat under Kunnskapsdepartementet. Vi er ei spesialpedagogisk støtteteneste for kommunar og fylkeskommunar som bidrar til at sektormåla for barnehagen og grunnopplæringa blir nådd.

Statped enkelt forklart

Nokre barn og elevar har varige og omfattande utfordringar med å sanse, kommunisere og lære. Statped tilbyr støtte til kommunar og fylkeskommunar så utdanninga av barn og elevar med slike utfordringar følger barnehage- og opplæringslova.

Kommunar og fylkeskommunar har ansvaret for at barn og elevar med varige og omfattande behov for særskild tilrettelegging får gode, tilpassa barnehage- og opplæringstilbod i ein inkluderande fellesskap.

Statped skal arbeide etter desse måla i 2023

Hovudmål 1: Kompetansebygging

  • Kommunar og fylkeskommunar får tenester og støtte til kompetanseutvikling som fremjar læring, utvikling og deltaking i eit inkluderande fellesskap til barn og elevar med varige og komplekse spesialpedagogiske behov.

Hovudmål 2: Opplæring

  • Barn og elevar med rett til opplæring i og på teiknspråk er inkluderte både i eit norsk/samisk og eit norsk teiknspråkleg fellesskap.

Hovudmål 3: Læremiddel og læringsressursar

  • Kommunar og fylkeskommunar har tilrettelagde læremiddel og pedagogisk materiell som fremjar læring, utvikling og deltaking for teiknspråklege, blinde og sterkt svaksynte barn og elevar i eit inkluderande fellesskap.

Diamanten skole

  • Elevar med medfødd døvblindheit ved Diamanten skole har eit tilrettelagt opplæringstilbod, og skal få moglegheit til å vere aktive deltakarar i eiga læring og utvikling.

Stortinget har bestemt

Spesialpedagogisk kompetanse skal nærare barn og elevar. Derfor er Statped i ein omstillingsprosess fram til 2024 for å følge opp Meld. St. 6 (2019–2020) Tett på – tidlig innsats og inkluderende fellesskap i barnehage, skole og SFO (regjeringen.no).

Dette inneber mellom anna at Statped

  • framover skal ha eit særskilt ansvar for å støtte skuleeigarar i arbeidet deira for barn og elevar med varige og omfattande behov for særskild tilrettelegging
  • skal sjåast i samanheng med Kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis, som skal byggast opp over fleire år og bli ei varig ordning frå 2025, og der Utdanningsdirektoratet har ansvaret for oppbygginga i samarbeid med KS og oss
  • har ein særskild funksjon knytt til samiskspråklege med spesialpedagogiske behov, basert på god forståing for samisk språk og kulturutvikling
  • driv Diamanten skole, som er ein grunnskule og vidaregåande skule for døvblindfødde i Oslo
  • har ansvar for den faglege oppfølginga i eit pilotforsøk der barnehagar og skular gir eit opplæringstilbod i teiknspråk til barn av døve foreldre (KODA) og søsken av teiknspråkbrukarar
  • ikkje lenger skal forske eller finansiere forsking

Statped sine tenester er ikkje lovpålagde. Tenestene har bakgrunn i barnehagelova og opplæringslova. Tenester til vaksne har bakgrunn i opplæringslova § 4A-2.

Statpeds nye rolle

Annemarie Bechmann Hansen

Filmar om Statped og laget rundt barn og elevar