Løpsk tale og andre vanskar

Personar med løpsk tale kan samstundes ha andre vanskar. Dei kan mellom anna ha stamming, eller utfordringar med språk, merksemd og læring. Ei tverrfagleg utgreiing kan i slike tilfelle vere naudsynt.

Løpsk tale er ukjent for mange. Symptoma kan difor verte forveksla med andre vanskar. Rett diagnose kan vere naudsynt for å få best mogleg tilrettelegging i skulen, og oppfølging frå riktige fagpersonar.

Løpsk tale førekjem også ofte ilag med andre vanskar. Då kan det vere til hjelp å vite kva for symptom som skyldast løpsk tale, kva som skyldast andre vanskar, og korleis desse påverkar kvarandre. I somme tilfelle har personen ein kombinasjon av løpsk tale og stamming. Andre kan til dømes ha språkvanskar, eller vanskar med impulsivitet, planlegging, organisering og regulering i tillegg til den løpske talen.  Det er viktig å rette tiltaka mot den einskilde sine individuelle vanskar.

Ved samansette vanskar vil ei tverrfagleg utgreiing i mange tilfelle vere naudsynt. Ei brei oppfølging, og fleire typar tiltak, kan trengst for at personen skal ha betre læringsutbytte i skulen og fungere godt i arbeidslivet.

Tverrfagleg utgreiing

Ved mistanke om løpsk tale og/eller stamming kan ein logoped greie ut taleflytvansken. I samband med behov for særskild tilrettelegging av  opplæringstilbod er det naturleg å kontakte PP-tenesta. Du kan lese meir om PPT sine oppgåver her. PPT kan gi ei tilråding om det er grunnlag for ei vidare tverrfagleg utgreiing hos andre instansar.  For vaksne som ikkje er i et opplæringsløp vil fastlegen vere eit naturleg startpunkt.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Takk for din tilbakemelding!